Uglebugle

onsdag 17. desember 2008

Jul og ferie

Ronald er heime hos Mama i Waddinxveen, og kjem heim i dag. Han skulle egentlig initiere eit samarbeid med Universitetet i 's-Hertogenbosch og alt gjekk bra til meldinga om at bevilgninga frå Norge ikkje gjekk igjennom, tikka inn. Mama er litt tynn har eg fått vite per telefon, men har det etter forholda bra. Fint for Ronnie å kunne være der meir no når Mama uungåeleg blir eldre.

Ronald har altså vært i 's-Hertogenbossch, Mamas familie bodde der ein lang stund frå omlag 1850 til 1913. Då døde Rachel Sarfatij der, mens bestefaren til Ronald budde i Doode Nieuwstraat. Men om dei budde i lag veit vi ikkje. Gatenamnet tydar (etnomylogisk) at gata var lite brukt, men ho eksisterte alt i 1641, då var ho lagt over jorda til dei fordrivne Minderbroeders (fransiscanere) som offentleg veg. Namnet tydar "den daue nye vegen". Sjølve vegen vart anlagt i 1710, og namnet De Doode Nieuwstraat er kjend frå kart i 1830. Med anlagd meinast nok brustein. Etter reformasjonen vart heile komplekset var kjøpt av driftige protestantar (vi veit jo korleis det gjekk) og omgjort til lager og bolighus. Til venstre er tekning av gata som ho nok så ut ved århundreskifte når besterfar Munster budde der.
I restaureringa på 1960-talet forsvann nesten alle dei gamle bygga. Til høgre er eit foto frå 1950 av eit dei virkelig gamle husa med kanonhull på både sider, dateringa 1644 skal stå på "sluttsteinen" øvst i bua. Malt på døra står det "forbudt å parkere vogna", som treffer godt for eit gamalt vognhus.

Her i Gnore- Halden- det sure eple i sør- har jula begynt å eta seg inn på oss. Eg har laga eit julekort, vaska ein kjøkkenskuff og i dag har eg sett inn i baderomsskapet. Eg lukka det fort igjen!
Eg og Jonatan har vært på kino og sett ein hysterisk dårlig Madagaskar II, vi måtte til Sarpsborg for eg lova poden kino når dei andre hadde avslutning inne i kjerka. I Halden er det ikkje noko kinotilbod å rekne med. Sjølv hadde eg vel rangert Berg kirke langt føre Madagaskar II, men Jonatan har jo stemmerett. I vår familie.
Berg Kirke er frå 1100 talet, men ho er bygd opp att fleire gonger, skal skrive noko om det ein gong.

Emile er sjuk i dag og no er klokka snart 10.30, utan at eg har sett noko til han.
Eg har tenkt å vaske gardiner, og kjøkkengolvet. Eg heng fast i det etter bakst og tyvar i skuffane. Eg heng fast i skuffane også. Eg gleder meg til gemalen kjem heim, det er litt ordnings på han.
Det er deilig å ha fri, sjølv om eg har høvla over nokre pensum bøker. Kielland og Lie er dagens tekst. Begge er ok, men ikkje eurofiske.

mandag 8. desember 2008

Fri und frank

No har eg heime, sliten og støl. Skrive 26 sider i dag, 23 sider torsdag. Redd det ikkje er så bra. stakkars sensor..

onsdag 26. november 2008

Snaaart eksamen

No har eg fått godkjent den siste innleveringa før eksamen. Så då er det berre strilesing att.. Fin nynorsk seier dei at har også :) Leve normlausa!

torsdag 30. oktober 2008

Jonatan har fått ein flotters blogg

Om du klikkar på Jonatan på fanen til høgre kan du sjå kva han har skrevet.

I morgon skal vi til Oslo for å feire Villas sin bursdag, og vi GLEDER OSS!!

tirsdag 21. oktober 2008

Heia Norge-Nederland!!


Jonatan og Ronald har vore i Oslo på landskamp. Det var Jonatans bursdagspresang. Om Norge og Nederland skulle spille mot kvarandre i Oslo, skulle Pappa og han på Ullevål.

Stor stas og hese telefonoppringingar frå svingen på Ullevål heim til Mamma og Emile. Greit å vera på vinnande side uannsett, sjå orange kinn og norske atributtar.

Jonatan og Ronald var innom ein sliten og sørgmodig Uglegjeng og satt at bilen der for å gå til Ullevål. Dei fekk kaffi hos Agnete og Tor som nok hadde nok å henge fingra i. Vel heime har eg (Mamma-marte) fått rapport om ei søt katt i Ugleheimen.

I Halden har Emile vore på begraving for ein treningsven i dag. Det var både regn og sol når båren ble kjøyrd i kortesje frå Asak til Os kyrkegard. Trist og vakkert.

Marte har levert nok ei oppgåve på Norsk 201 og jobbar på Hafslund ungdomsskole innimellom.

Ronald har mye deltidsstudentar om dagen, og dei krev meir tid og omsorg når dei først er på campus.


mandag 13. oktober 2008

Prøver og poeng i småskolen

Det er turbulente tider i heimen. Yngste sonen vår er 9 år og eigentlig er han rett så flink på skolen, men: Han kjeder seg, han kjeder seg så han kan daue.
Før helgen gråt han sårt og skreik, ”Eg kjeder meg, det er så frykteleg kjedeleg på skolen”. Han reiv i sund pugge-lappen dvs det som skulle bli ein lekse og blei ennå meir hysterisk.

Heldigvis kunne vi rekonstruere puggelappen så han kunne fylje ut den til skolens tilfredsstilling. Vi har gjennom dei siste åra lært at det er viktig å fore skoledyret med riktig føde: underkasting. Puggelista som eg skrev inn i eit nytt worddokument bestod av fem ord på norsk, og han skulle fylle ut dei engelske glosene. Det var hvem, stjal, da, det var ikke, kjeksboks.

Det fortvila var at han skulle skrive glosene 8 gangar, og ja det ER kjedeleg. Kva skal ein stakkar si til sonen sin? ”Hald ut, det er berre 10 år att”, eller kanskje – ”viss du berre prøver og les godt så blir alt rett – og da blir du så lykkeleg”?

Begge framgangsmåter ber i seg store feil. Eg vil ikkje at han skal holde ut i 10 år med å kjede vettet av seg! Og når han kom heim med prøva, som han verkeleg gjekk inn for å læra (dvs pugga), hadde han berre tre poeng av fem moglege. Læraren har skrive eit smily under, eit med rett munn. Inga smil og oppmuntring her.

Guten gråt, sjølvklart gjorde han det fordi han verkeleg hadde prøvd å få alt rett. Vi satt i sikkert ein time med det, og på morgonen måtte vi lese omatt slik at alt skulle bli rett til prøven. Pedagogikk??

Dei har innført poengsystem i skulen, pugging i skulen, gammal folkeskikk og det er rett før vi får brev heim om stygt språkbruk.

Men han er jo god i engelsk..
Stakkars sonen vår som er så god i engelsk, han skriv hvo og wasen’t, og det er ganske vassent dette greiene. Vi slit med å finne det punktet i læreplanen som gjer skolen rett til demotivera elevane. Guten har sagt til læraren at det ikkje er lov å ha prøver i 4.klasse, men tenk han fikk beskjed om at han har godt av og læra og skrive litt.
Guten vår som føyk avgårde aleine på fotball i utlandet, og fikk instruksjonar og ordet det meste på engelsk. Han som veks opp i ein heim kor engelsk er eit av tre molege språk, han bruker det og like det.


Disiplin eller læring?
Guten vår som er skoleflink og kan alt omtrent før boka er opna. Nå har han møtt veggen, i ein alder av 9 år, fordi han kjeder seg. Og når man les vekeplanen er det ikkje rart. Her er dei flinke til å fylgje bøkane. Her begynner dei på s.5 i august og endar på s. 149 i desember. Det er ikkje så mykje som tenkt på temaarbeid, prosjekt eller å ha det gøy. Men det er viktig å spisse blyantane og aldri komme for seint. Er det nokon som kjenner att anden frå 1950-talet her?


Hald ut! det går over?
Om vi skal lage rabalder, snu på steinane og be om eit møte… Tja, det har vi gjort i 3 år alt. Vi har bedt om at guten vår får tilrettelagt undervisning i matte m.a. Fordi han er flink. No håper vi på beskjed om at det kommer nye lærarteam til hausten. Så vi kan seie ”Du må bare kjede deg eit år. Det klarer du. Stå på. Spill fotball i friminuttane, så skal vi læra deg om livet når du kommer heim. Vi kan spele sjakk og snakka engelsk. Vi kan sjå på film om naturen og låne naboens mikroskop. Ikkje ver lei deg, for det er ikkje di skyld.”

Kven skal vi vere lojale mot –ungen vår – eller lærarar som sikkert gjer sitt beste. Dei som har erstatta omsorg med disiplingjevande prøve. Alle idiotar skjøner jo at læraren har rett i at det er noko feil med ungane våre, når dei får så mange feil på prøva? Kor mange foreldre skjønnar at det er noko heilt feil med ein slik skole? Kor mange foreldre tør si i frå?


Reproduksjon av ulikskap
Så vi er like langt, vi tør ikkje seie noko til skolen for det går sikkert ut over sonen vår. Vi tør ikkje lat bli å seie til guten at det er skolen det er noe feil på. Vi får lukke øya, håpe på nye lærarteam og takke for at vi i det minste kan gje han noe heime. Det er det ikkje alle som kan, og det er det som heiter reproduksjon av ulikskap.

onsdag 8. oktober 2008

Brød og bøker


Heime hos oss går det mye i skriving og lesing om dagen. Eg skriv (blogg m.a. :)), guttane skriv mye på skulen. Emile har akkurat levert sin første stil, og Jonatan har lange skrivestykke kvar veke. Ronald skriv prosjektsøknad. I tillegg les vi sjølklart, eg og Jonatan les Mari Osmundsen "Novemberlandet" på senga, og faktisk har eg klart å ta høl på Kjærstad som sengelektyre. Fikk innføringa av ein medstudine. Endeleg..det verste er at eg liker han mye bedre enn eg vil innrømme. Gleder meg alt til å lese høgt fra Kjærstad til morgontrøtte 17 åringar. Det kan vere medisin mot det meste av gruff...eller kanskje omvendt? Menn som skriv om sine fantastiske kjønnsorgan har jo i det minste sjølvinnsikt.

To perfekte aktiviteter til livet ellers er lydbøker tur/retur Sarpsborg. No går det i Peer Gynt. Den andre er den store venteaktiviteten: brødbaking. Eg har funnet ein ny brødoppskrift og håper at resultatet står i forhold til tiden det tar...

Eg veit at Agnete synes at nynorsken min er crazy, men no har eg slått opp det meste av orda, og trur eg har treft som nokolunde/tolleg bra. Problemet er at nesten alt er lov. Det heter t.d. at nær alt er lov eller at nesten alt er lov. Dessutan planlegg eg å få eit like inkonsekvent nynorsk som eg har talemål. Det blir litt av kvart, og noke av det.

mandag 6. oktober 2008

Jobb- jobb - jobb

Det er jo ikke alle som blir überlykkelige av at inspektørene ringer og ringer. Jeg blir det.
Takk til søte søstre. Klart ting ordner seg, nå har jeg det mye greiere, men har plutselig fått veldig mye å gjøre.. ihvertfall denne uken. Må til nabobyen for å jobbe, men det er ingen big deal her nede i Det Sur-søte Eple. Får bare håpe det fortsetter å renne inn jobber og penger.

Gøy å møte gamle kollegaer som både bryr seg, og vil diskutere fag. Det viste seg at proppen var at min kontakt var sykemeldt. Dessuten - det er nå influensaen kommer. Jeg tror jeg må ta vaksine for første gang. Har en annen jobb som kanskje er mer permanent i jakkeermet.

Det kan jo hende vi beholder bil nr 2, og at jeg kjøper nye vintersko. Lykke lykke.


Vi har fått biblioteket på plass!

Ronald har vært en lang helg i Leuven i Belgia på ETwinnings seminar. Hyggelig med mat, kollegaer og ikke minst at han har imponert selskapet med språkferdigheter.

Det er slett ikke alle som snakker

norsk
nederlandsk
engelsk
svensk(?)
fransk
tysk

Det var en tysker som overvar Ronald og lurte på hvordan det gikk an. Hjemme hos oss skifter vi mellom tre språk til dagelig, så litt fra eller til..


Det var vel ikke vits i å fortelle at islendingen snakket norsk?
Det er ikke han som skryter, men kona hans...

Vi som ble igjen i Gnore
Vi andre har vært hjemme og vår høstferie har begrenset seg til en tur på Remmen (svømmehall). Marte har levert oppgave og jobber med web-analyser. Emile har skrevet stil og Jonatan har fått Sims til PC-en..

Ronald kom hjem med belgisk sjokolade, av det helt gode slaget. Vi har tenkt å prøve å gjemme den til en senere og mer sosial anledning. En flaske wisky som han skryter av, uten at jeg helt har skjønt hva det dreier seg om, og noen vafler dyppet i sjokolade.

IKEA - stedet der vi kan ferdigstille livene våre..


På vei hjem til oss i det ikea-løse sør har Ronald tatt med supplerings hyller til Billyreolene våre. Alle bøker og bokhyller er flyttet fra kjelleren og nå står de på Jonatans gamle rom. Det har blitt så fint, og vi elsker Ikea. Helt sett bort fra noens politiske eksesser i det firmaet.
Vi har til og med funnet plass for vår 20 år gamle sofa.

Så nå mangler bare litt bilder og listmaling så er biblioteket klart.

Her er bilde av hyller som er på vei til å fylles opp.



Kom og se..