Uglebugle

lørdag 10. januar 2009

FREDrikstad

Ikkje like utsliten som Gilbert og Fosse, men litt ujamt vittig her i Lerveien. Eg er i 80% stilling no, å er fulltidsstudent, og har gjort mitt for å få Østfold til å vise solidaritet med folket i Gaza. Så meir slitne enn vanleg er alle i familien no. Nynorskens ujamne status i familien må vere ein del av greia. .. Eg har sjatta med ein volding i dag, og han sa ikkje noko om den nye språkhammen min. Men han skriv dialekt utan rett staving han også.



Ellers ha det vore i demo i Fredrikstad.

Fin demo i Fredrikstad i dag, sjølv om det kom færre enn til den i Halden i går. Søte menneske og eg oppdaga at eg har merkelge kontaktar inn i moskeen. Ronald har også bygd ut arabisken sin :), saftige slagord frå palestinarene på billete over som eg har stjålet frå FB. Vi har ein god ide om at noko av det dei ropa tyda Fritt palestina, og boikott Israel. Men heilt sikre er vi altså ikkje.

I går var det demo i Halden og Fuad som er ein av dei første palestinarane eg kjende i Oslo - (pal.fronten som 15 åring) var apellant. Rart og ha så lang historie om det same. Den natt til 1.maien blei eg gassa av politiet, og eg hugsar at det var nokon rett så opprørte palestinare som tok hand om meg på 1.maifrokosten. Gud - man skulle vore 15 år og uten politisk gangsyn.

FRe

mandag 5. januar 2009

Marte er sint- og forbanna- og handlekraftig

Nåde den som sa at dei ikkje viste nokon ting.
Ikkje nytt - ikkje gamalt. Demonstrer mot Israel hvor du går og står, enkelt døme er å lage eit sant helvete for den stakkaren av ein lokal kjøpmann som selger Jaffa appelsinar.. I det minste, kom i demo i Fredrikstad på lørdag kl. 13. Dit skal vi.

lørdag 3. januar 2009

Nissen er ond


No har eg publisert den lenge etterlengta rappen: Nissen er ond. Jonatans store juleproduksjon ligg på Martes vekedikt, ein blogg prega av vill variasjon og etterlengta sødme.
(merk julenissens lett rasistiske tilsnitt er ikkje tilsikta)

fredag 2. januar 2009

Nytt år på Isebakke


Her er det endelig blitt under null grader. Isen ligg på fjorden og Emile vil ikkje ut. Jonatan har trekt i tre lag ull og er ute med Harald for å skli.

Ronald har vore på jobben men der har dei valt lang ferie og ikkje oppvarming. Så han har tatt med resten av rettebunken og sit i stua og sensurerar. Han har også mykje nytt stoff å lese seg opp på i utveklingssosiologi, men gler seg til å få vere utviklingsgeograf att.

Eg les til ein hard start på nyåret. Det er mykje forelesninger på norsk 2 og alt klumpar seg i veke 3.

Sånn har vi det, litt Ibsen og meir Durkheim.

onsdag 17. desember 2008

Jul og ferie

Ronald er heime hos Mama i Waddinxveen, og kjem heim i dag. Han skulle egentlig initiere eit samarbeid med Universitetet i 's-Hertogenbosch og alt gjekk bra til meldinga om at bevilgninga frå Norge ikkje gjekk igjennom, tikka inn. Mama er litt tynn har eg fått vite per telefon, men har det etter forholda bra. Fint for Ronnie å kunne være der meir no når Mama uungåeleg blir eldre.

Ronald har altså vært i 's-Hertogenbossch, Mamas familie bodde der ein lang stund frå omlag 1850 til 1913. Då døde Rachel Sarfatij der, mens bestefaren til Ronald budde i Doode Nieuwstraat. Men om dei budde i lag veit vi ikkje. Gatenamnet tydar (etnomylogisk) at gata var lite brukt, men ho eksisterte alt i 1641, då var ho lagt over jorda til dei fordrivne Minderbroeders (fransiscanere) som offentleg veg. Namnet tydar "den daue nye vegen". Sjølve vegen vart anlagt i 1710, og namnet De Doode Nieuwstraat er kjend frå kart i 1830. Med anlagd meinast nok brustein. Etter reformasjonen vart heile komplekset var kjøpt av driftige protestantar (vi veit jo korleis det gjekk) og omgjort til lager og bolighus. Til venstre er tekning av gata som ho nok så ut ved århundreskifte når besterfar Munster budde der.
I restaureringa på 1960-talet forsvann nesten alle dei gamle bygga. Til høgre er eit foto frå 1950 av eit dei virkelig gamle husa med kanonhull på både sider, dateringa 1644 skal stå på "sluttsteinen" øvst i bua. Malt på døra står det "forbudt å parkere vogna", som treffer godt for eit gamalt vognhus.

Her i Gnore- Halden- det sure eple i sør- har jula begynt å eta seg inn på oss. Eg har laga eit julekort, vaska ein kjøkkenskuff og i dag har eg sett inn i baderomsskapet. Eg lukka det fort igjen!
Eg og Jonatan har vært på kino og sett ein hysterisk dårlig Madagaskar II, vi måtte til Sarpsborg for eg lova poden kino når dei andre hadde avslutning inne i kjerka. I Halden er det ikkje noko kinotilbod å rekne med. Sjølv hadde eg vel rangert Berg kirke langt føre Madagaskar II, men Jonatan har jo stemmerett. I vår familie.
Berg Kirke er frå 1100 talet, men ho er bygd opp att fleire gonger, skal skrive noko om det ein gong.

Emile er sjuk i dag og no er klokka snart 10.30, utan at eg har sett noko til han.
Eg har tenkt å vaske gardiner, og kjøkkengolvet. Eg heng fast i det etter bakst og tyvar i skuffane. Eg heng fast i skuffane også. Eg gleder meg til gemalen kjem heim, det er litt ordnings på han.
Det er deilig å ha fri, sjølv om eg har høvla over nokre pensum bøker. Kielland og Lie er dagens tekst. Begge er ok, men ikkje eurofiske.

mandag 8. desember 2008

Fri und frank

No har eg heime, sliten og støl. Skrive 26 sider i dag, 23 sider torsdag. Redd det ikkje er så bra. stakkars sensor..