Før helgen gråt han sårt og skreik, ”Eg kjeder meg, det er så frykteleg kjedeleg på skolen”. Han reiv i sund pugge-lappen dvs det som skulle bli ein lekse og blei ennå meir hysterisk.

Heldigvis kunne vi rekonstruere puggelappen så han kunne fylje ut den til skolens tilfredsstilling. Vi har gjennom dei siste åra lært at det er viktig å fore skoledyret med riktig føde: underkasting. Puggelista som eg skrev inn i eit nytt worddokument bestod av fem ord på norsk, og han skulle fylle ut dei engelske glosene. Det var hvem, stjal, da, det var ikke, kjeksboks.
Det fortvila var at han skulle skrive glosene 8 gangar, og ja det ER
kjedeleg. Kva skal ein stakkar si til sonen sin? ”Hald ut, det er berre 10 år att”, eller kanskje – ”viss du berre prøver og les godt så blir alt rett – og da blir du så lykkeleg”?Begge framgangsmåter ber i seg store feil. Eg vil ikkje at han skal holde ut i 10 år med å kjede vettet av seg! Og når han kom heim med prøva, som han verkeleg gjekk inn for å læra (dvs pugga), hadde han berre tre poeng av fem moglege. Læraren har skrive eit smily under, eit med rett munn. Inga smil og oppmuntring her.
Guten gråt, sjølvklart gjorde han det fordi han verkeleg hadde prøvd å få alt rett. Vi satt i sikkert ein time med det, og på morgonen måtte vi lese omatt slik at alt skulle bli rett til prøven. Pedagogikk??

Dei har innført poengsystem i skulen, pugging i skulen, gammal folkeskikk og det er rett før vi får brev heim om stygt språkbruk.
Men han er jo god i engelsk..
Stakkars sonen vår som er så god i engelsk, han skriv hvo og wasen’t, og det er ganske vassent dette greiene. Vi slit med å finne det punktet i læreplanen som gjer skolen rett til demotivera elevane. Guten har sagt til læraren at det ikkje er lov å ha prøver i 4.klasse, men tenk han fikk beskjed om at han har godt av og læra og skrive litt.
Guten vår som føyk avgårde aleine på fotball i utlandet, og fikk instruksjonar og ordet det meste på engelsk. Han som veks opp i ein heim kor engelsk er eit av tre molege språk, han bruker det og like det.
Disiplin eller læring?
Guten vår som er skoleflink og kan alt omtrent før boka er opna. Nå har han møtt veggen, i ein alder av 9 år, fordi han kjeder seg. Og når man les vekeplanen er det ikkje rart. Her er dei flinke til å fylgje bøkane. Her begynner dei på s.5 i august og endar på s. 149 i desember. Det er ikkje så mykje som tenkt på temaarbeid, prosjekt eller å ha det gøy. Men det er viktig å spisse blyantane og aldri komme for seint. Er det nokon som kjenner att anden frå 1950-talet her?
Hald ut! det går over?
Om vi skal lage rabalder, snu på steinane og be om eit møte… Tja, det har vi gjort i 3 år alt. Vi har bedt om at guten vår får tilrett
elagt undervisning i matte m.a. Fordi han er flink. No håper vi på beskjed om at det kommer nye lærarteam til hausten. Så vi kan seie ”Du må bare kjede deg eit år. Det klarer du. Stå på. Spill fotball i friminuttane, så skal vi læra deg om livet når du kommer heim. Vi kan spele sjakk og snakka engelsk. Vi kan sjå på film om naturen og låne naboens mikroskop. Ikkje ver lei deg, for det er ikkje di skyld.”Kven skal vi vere lojale mot –ungen vår – eller lærarar som sikkert gjer sitt beste. Dei som har erstatta omsorg med disiplingjevande prøve. Alle idiotar skjøner jo at læraren har rett i at det er noko feil med ungane våre, når dei får så mange feil på prøva? Kor mange foreldre skjønnar at det er noko heilt feil med ein slik skole? Kor mange foreldre tør si i frå?
Reproduksjon av ulikskap
Så vi er like langt, vi tør ikkje seie noko til skolen for det går sikkert ut over sonen vår. Vi tør ikkje lat bli å seie til guten at det er skolen det er noe feil på. Vi får lukke øya, håpe på nye lærarteam og takke for at vi i det minste kan gje han noe heime. Det er det ikkje alle som kan, og det er det som heiter reproduksjon av ulikskap.
2 kommentarer:
Heilt enig med dine kommentarar og refleksjonar omkring skulen og bornas kjedsomheit og kor drepen skulen kan vera for dei som eigentlig skulle få tilfredstilt nysgjerrigheita og kunnskapsiver. Men kva skal me gjera med detta då?
Tja sei det du.. Eg har benytta meg av Facebook sitt nye tilbod om kontakt med dei høyara makter: Eg vil ha Jens som nettven. Då kan eg kasta han ut når han (snart) gjer noko dumt igjen. Kanksje noko departementalt hadde hjulpet?Friskt av deg å skriva nynorsk :)
Legg inn en kommentar