Uglebugle

fredag 23. januar 2009

Helg?

Vi har endeleg nådd fredagen, og sjølv om det tydar helg begynner ho ikkje hjå oss før seint. Det er nemlig fult opp med trening for gutane heile veka.
Måndag fotball Jonatan

Tysdag friidrett Emile og Jonatan

Onsdag fotball Jonatan

Torsdag fotball Jonatan, friidrett Emile

og Fredag avsluttast med Friidrett for begge to.


I dag har Emile vore trenar for dei små, for når dei vaksne ikkje kan må ungdommane trø litt til. Hans gruppe begynner ikkje trening på fredag før utesesongen er i gong att. Då driv dei løps og sprinttrening og noko i hall.
På søndag skal Emile og Jonatan på Glava lekene i Askim, Emile gjorde det skarpt i 13.års klassen i fjor, men i år veit vi ikkje riktig korleis det skal gå. Jonatan er også påmeld i tre øvingar i 10 årsklassen, og det er ein liten deby. Rapport kjeme.
For oss vaksne er tur til Askim det samme som termos, mat og faglitteratur. Vi har lært dei fjorten triksa for tribunesliting..


Ingen kommentarer: