Uglebugle

lørdag 14. februar 2009

We go into Cyberspace - we are cyborgs

Eg veit ikkje kvifor eg fekk eit slikt krølle-alfabet opp når eg skreiv siste innlegg. Eg er antakelig utsatt for hemn frå verdas fattige etter tre x 2 1/2 timars forelesning om globaliserte barn i samme veke. Tok eg ikkje hardt nok i? Nei sikkert ikkje.
Eg har hatt ein veke med eit utfordrande og gøyalt opplegg om mediering, reising, rom og tids akrobatar, det var laga for defu-studentane mine og som kurstilbod for assistentar i barnehager i Østfold. Det er ein fin gruppe å forelese for, og ikkje minst fekk eg endeleg brukt Donna Harroways teoriar i eit auditorium, og det har eg hatt ein våt draum om heilt sidan eg leste ho for nokre år tilbake. Kyborgtenkning er vesentleg for å forstå det høymoderne, og i forhold til kva for rolle interface har for danninga.
Gøy å vise vaksne kor langt ungane har kome i digitaliseringa, og kva for konsekvensar det har for stedeleg barnekultur. Ellers har eg hatt det mindre gøy med å vise bilete av lik på stranda ved siden av StarTours Bamseklubb. Ikkje alle syns det var like gøy å bli minna på at vi er del av ein kultur som også handlar om undertrykking.

Igjen fekk eg brukt ein yndligsteoretikar: Zygmunt Bauman som skriv om frivillige og ufrivillige reisande. Eller turistar og omstreifare for å bruke dei omsatte omgrepa korrekt. Han er ganske enkelt ein storarta teoretikar.

Å - eg trivs i auditorium... Får vitalisiert og realisert så mykje der. Rein deilig egoisme.
NO er det helg, og vi er alle slitene men lykkelege. Her er et bilete frå ein av dei mange strendene i Spania kor afrikanske lik duppar rett utanfor hotellvaktenes blikk. Eg hugsar vagt at det var låste dørar og vanskeleg tilgang til klippestranda rett utanfor. Eg og Jonatan slit mest med å finne noko i menyen som han vil ha. Han var ganske ukomplisert i forhold til andre barn, men altså var så heldig å vere innanfor den kvite enklaven.
Fleire bilete frå Helgøya og Hønehuset kjem sanrt.

Ingen kommentarer: