Uglebugle

tirsdag 10. mars 2009

Kebabjakt og gullmedaljar i hijabland

Mens Ronald var heime for å pleie ryggen sin, reise gutta og Mamma til Ekebergsletta for å springe, fort. Gutta løp fort - og stod på pallen i alt de deltok i.
Jonatan fekk ein gullmedalje, og to sølv i hhv 60 m, 600 m og lengde.
Emile fekk bronse på 60 m og 200 m.
Sjølvsagt persa dei (det er eit heilt nytt omgrep for meg, men no veit eg verdien av å seie: du persa, det er liksom ikkje nokon vits i gode plasseringar om det ikkje står til pers..)

Etter stemne skulle vi ete kebab. Vi var jo i Oslo, og ikkje så langt frå gettoland. Vi hadde ikkje sett noko skummelt enno, dersom ein ser bort frå eit litt påtrengande Kristelige Forening for Unge Menn, og ei kjerke som vi var tvungne til å faktisk sjå på.

No skulle bygdefolket på danningsreise til kebabland, ein stad vi håpte hadde god, og rimeleg kebab. I Halden har vi ikkje noko av dette. Merking til Holmlia, det vi tolkar som hijabland blei fylgt. Inge kebabsjapper. Vi køyrde til senteret, køyrte litt rundt og konstaterte at rett nok er det bingo, bibliotek, Narvesen, Peppes og 7-eleven. Men ingen kebab-sjappe!
Vi var rusta for å treffe svartsmuska hijabkledde kebabetande muslimar, sjølve faren mot det norske folk. Dei som snikislamiserar oss. Vi fann rett nok ei dame med hijab, men det var det skumlaste vi så.

Så vi vart tvungne til å ete McDonalds på veg heim til sivilisasjonen. Her kor vi veit at Oslo er eit kriminelt hol, at muslimske kvinnfolk er undertrykte og at vi burte vere glade for å slippe å reise dit så ofte. No har vi vore der, og sett det med sjølvsyn. Dama som gjekk over vegen ein sur laurdagskveld. Det er godt å bu ein stad kor folk rett nok er trangsynte, men am-car foreninga kjem ikkje til å stille med parade-hijab. Over mitt lik, vi vil ikkje islamiserast. Vi vil ha plantinahåret vårt i fred.
Om du ikkje har lest Solstads essay om ytringsfridom enno, så er det eit godt tisp å gjere det før du meiner noko meir om hijab. Her ligg linken.

2 kommentarer:

Agnete sa...

Agnetes veke-rapp:

Kebab i Olso
er fælt!
Kebab i Oslo
er vondt!
Det er en FEIL
å lete etter
den beste kebaben
i Oslo!
Og om du lurer...
Om du VIRKELIG lurer...
Så vet jeg hvor
den beste
det de som liker Kebab
sier
er den beste
Kebaben i Oslo
er...

Marte Ree Nolet sa...

Ok,shawarma er greia mi, men vi har jo vore i Oslo då. (går det å skrive Osjlo?, i Særp hadde det hett Osjo)Kor er den gode Kebab-shappa då, noko ved ein veg..