Uglebugle

søndag 25. januar 2009

Masse gull og sølv til Noletene



Denne helga har heile familien vært i Askim på Glavalekene saman med Harald som er Jonatans venn. Harald har overnatta, og på bilete spelar dei Wii i senga før frokost . Harald driv med motorcross, men gutane våre driv med fotbal og friidrett.


På Glava-lekene i Askim har Nolet junior klasse 10 og 14 år markert familieæra tydeleg med gode plasseringer i alle øvinger.


Emile og Jonatan har samla fått to gull, to sølv og ein fjerdeplass. Det er ikkje verst når Emile att på til slit med magesjau og spøy etter 800 m. Rett nok fekk han ein elendig tid, og langt under pers, men han gjennomførde! På 60 m fekk han fjerde plass, men dette er eid dårleg distanse for han, og han persa.
Fleire bilde følger, men her er Jonatan på pallen etter ein glitrande 60 m på tida 9.71. Her er bilete av beina hans til høgre, han løp så fort at vi ikkje kunne følgje han med kameraet. Speaker har merka seg Noletane og det er jo gøy for 9.åringen å bli spesielt nemt.
I det heile har begge gutane vist fram klubben sin, og blitt lagt merke til som sterke utøvare.

Jonatan vann lengdehopp, og fekk andreplass i kulestøt.

fredag 23. januar 2009

Helg?

Vi har endeleg nådd fredagen, og sjølv om det tydar helg begynner ho ikkje hjå oss før seint. Det er nemlig fult opp med trening for gutane heile veka.
Måndag fotball Jonatan

Tysdag friidrett Emile og Jonatan

Onsdag fotball Jonatan

Torsdag fotball Jonatan, friidrett Emile

og Fredag avsluttast med Friidrett for begge to.


I dag har Emile vore trenar for dei små, for når dei vaksne ikkje kan må ungdommane trø litt til. Hans gruppe begynner ikkje trening på fredag før utesesongen er i gong att. Då driv dei løps og sprinttrening og noko i hall.
På søndag skal Emile og Jonatan på Glava lekene i Askim, Emile gjorde det skarpt i 13.års klassen i fjor, men i år veit vi ikkje riktig korleis det skal gå. Jonatan er også påmeld i tre øvingar i 10 årsklassen, og det er ein liten deby. Rapport kjeme.
For oss vaksne er tur til Askim det samme som termos, mat og faglitteratur. Vi har lært dei fjorten triksa for tribunesliting..


lørdag 10. januar 2009

FREDrikstad

Ikkje like utsliten som Gilbert og Fosse, men litt ujamt vittig her i Lerveien. Eg er i 80% stilling no, å er fulltidsstudent, og har gjort mitt for å få Østfold til å vise solidaritet med folket i Gaza. Så meir slitne enn vanleg er alle i familien no. Nynorskens ujamne status i familien må vere ein del av greia. .. Eg har sjatta med ein volding i dag, og han sa ikkje noko om den nye språkhammen min. Men han skriv dialekt utan rett staving han også.



Ellers ha det vore i demo i Fredrikstad.

Fin demo i Fredrikstad i dag, sjølv om det kom færre enn til den i Halden i går. Søte menneske og eg oppdaga at eg har merkelge kontaktar inn i moskeen. Ronald har også bygd ut arabisken sin :), saftige slagord frå palestinarene på billete over som eg har stjålet frå FB. Vi har ein god ide om at noko av det dei ropa tyda Fritt palestina, og boikott Israel. Men heilt sikre er vi altså ikkje.

I går var det demo i Halden og Fuad som er ein av dei første palestinarane eg kjende i Oslo - (pal.fronten som 15 åring) var apellant. Rart og ha så lang historie om det same. Den natt til 1.maien blei eg gassa av politiet, og eg hugsar at det var nokon rett så opprørte palestinare som tok hand om meg på 1.maifrokosten. Gud - man skulle vore 15 år og uten politisk gangsyn.

FRe

mandag 5. januar 2009

Marte er sint- og forbanna- og handlekraftig

Nåde den som sa at dei ikkje viste nokon ting.
Ikkje nytt - ikkje gamalt. Demonstrer mot Israel hvor du går og står, enkelt døme er å lage eit sant helvete for den stakkaren av ein lokal kjøpmann som selger Jaffa appelsinar.. I det minste, kom i demo i Fredrikstad på lørdag kl. 13. Dit skal vi.

lørdag 3. januar 2009

Nissen er ond


No har eg publisert den lenge etterlengta rappen: Nissen er ond. Jonatans store juleproduksjon ligg på Martes vekedikt, ein blogg prega av vill variasjon og etterlengta sødme.
(merk julenissens lett rasistiske tilsnitt er ikkje tilsikta)

fredag 2. januar 2009

Nytt år på Isebakke


Her er det endelig blitt under null grader. Isen ligg på fjorden og Emile vil ikkje ut. Jonatan har trekt i tre lag ull og er ute med Harald for å skli.

Ronald har vore på jobben men der har dei valt lang ferie og ikkje oppvarming. Så han har tatt med resten av rettebunken og sit i stua og sensurerar. Han har også mykje nytt stoff å lese seg opp på i utveklingssosiologi, men gler seg til å få vere utviklingsgeograf att.

Eg les til ein hard start på nyåret. Det er mykje forelesninger på norsk 2 og alt klumpar seg i veke 3.

Sånn har vi det, litt Ibsen og meir Durkheim.