Uglebugle

søndag 25. januar 2009

Masse gull og sølv til Noletene



Denne helga har heile familien vært i Askim på Glavalekene saman med Harald som er Jonatans venn. Harald har overnatta, og på bilete spelar dei Wii i senga før frokost . Harald driv med motorcross, men gutane våre driv med fotbal og friidrett.


På Glava-lekene i Askim har Nolet junior klasse 10 og 14 år markert familieæra tydeleg med gode plasseringer i alle øvinger.


Emile og Jonatan har samla fått to gull, to sølv og ein fjerdeplass. Det er ikkje verst når Emile att på til slit med magesjau og spøy etter 800 m. Rett nok fekk han ein elendig tid, og langt under pers, men han gjennomførde! På 60 m fekk han fjerde plass, men dette er eid dårleg distanse for han, og han persa.
Fleire bilde følger, men her er Jonatan på pallen etter ein glitrande 60 m på tida 9.71. Her er bilete av beina hans til høgre, han løp så fort at vi ikkje kunne følgje han med kameraet. Speaker har merka seg Noletane og det er jo gøy for 9.åringen å bli spesielt nemt.
I det heile har begge gutane vist fram klubben sin, og blitt lagt merke til som sterke utøvare.

Jonatan vann lengdehopp, og fekk andreplass i kulestøt.

3 kommentarer:

Agnete sa...

HURRA HURRA! Det høres ut som en helg på idrettsarenaer har gitt skikkelig god uttelling. Har dere vurdert å donere alt gullet og sølvet til Island? Klemmer fra U4

Marte Ree Nolet sa...

å ja, me har sendt alt gullet til gutta i vest, så dei kan spela det bort på børsen. eg syns meir synd på dei enn på aleinemødre og anna grums som har planlagd liva sine dårleg..

Agnete sa...

Ja, ikke sant. Eller det bortkastede ved å sende medaljene til Gaza for gjenoppbygging. Det blir jo bare bombet i stykker igjen ved neste korsvei...